Fekk berre eit tilbod på Havhesten-rehabiliteringa - avlyser anbodsrunden

STYRELEIAR:I november i fjor jubla Anders Ole Sunnarvik, styreleiar i KF Havhesten, over at anlegget endeleg skulle få naudsynt oppgradering. No vert oppgraderinga utsett.

STYRELEIAR:I november i fjor jubla Anders Ole Sunnarvik, styreleiar i KF Havhesten, over at anlegget endeleg skulle få naudsynt oppgradering. No vert oppgraderinga utsett. Foto:

FLORA: Flora kommune lyste ut anbodskonkurranse på rehabilitering av badeanlegget Havhesten i starten av januar. Berre Åsen & Øvrelid har sendt inn tilbod på arbeidet - til ein alt for høg pris.

DEL

Flora kommune har difor vald å avlyse anbodskonkurransen.

I februar i 2017 vedtok styret i KF Havhesten å gå for ei større oppgradering på til saman 45 millionar kroner. I desember vedtok bystyret rehabiliteringa og utbygging, og planen var tildeling av anbod før påske, og stenging for oppgradering til sommaren.

Det skriv Firdaposten.

Den første fasen av prosjektet er budsjettert til ca. 25 millionar kroner og handlar om å oppgradere og rehabilitere eksisterande anlegg, som ber preg av stor slitasje.

Havhesten er dimensjonert for rundt 30.000 besøkande i året, men har opp imot 90.000 innom årleg. Dagleg er det rundt 250 brukarar innom. Det tekniske anlegget er no i så dårleg stand at dei når som helst kan stanse, og anlegget kan måtte stenge.

Styret vedtok avlysing

Det var styret i KF Havhesten, med styreleiar Anders Ole Sunnarvik i spissen, som tok valet om å avlyse. Det gjorde dei i møte 6. mars.

– Det er berre komme inn eit tilbod i samband med utlysing av rehabiliteringa på Doffin. Då det berre er komme inn eit tilbod, har ein ikkje eit prissamanlikningsgrunnlag, står det å lese i møteboka frå styremøtet.

– Tilbodet er også vesentleg over ramma for dette prosjektet, og styret vel difor samrøystes å avlyse konkurransen, står det vidare.

  No blir det opprusting av Havhesten

– Langt over budsjettramma

Innkjøpsleiar i Flora kommune, Arve Klokk, har no sendt brev til den einaste tilbydaren for å varsle om resultatet av konkurransen.

Tilbydaren er Åsen & Øvrelid AS i Førde.

– Det innkomne tilbodet er langt over vår budsjettramme. Sidan vi berre har teke imot eit tilbod, har vi ikkje grunnlag for å vurdere det innkomne tilbodet. Manglande konkurranse er ein sakleg grunn for å avlyse konkurransen. Det er også manglande økonomisk dekning hos oppdragsgjevar for å gjennomføre konkurransen, skriv Klokk i brevet.

Flora kommune vil umiddelbart starte arbeidet med ny anbodsrunde. Men tidspunkt for utlysing, og omfang i ny konkurranse, er ikkje kjentd per i dag.

Tysdag gjekk bystyret inn for ei 45-millioninvestering i Havhesten. Men ikkje utan tvil. 

Artikkeltags