Her reddar klatrarane sauene ned frå fjellet

Per Jarle Hjellum   hjelper eit av lamma ned.

Per Jarle Hjellum hjelper eit av lamma ned. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Medlemar frå Florø Klatreklubb fekk fredag erfare at ferdighetane deira kom til nytte.

DEL

Fredag fekk Jon Anders Stavang, leiar i Florø Klatreklubb, ein telefon frå Anne-Karin Kleiven Rynning. Rynning, som er leiar i Grøfjellet Beietlag, hadde i lag med grunneigar Arild Myklebust forgjeves prøvd å redde tre sauar som hadde gått seg fast på ei hylle i Magnhildskaret.

– Det er ikkje heilt uvanleg at det skjer, men ofte klarar vi å hjelpe dei sjølv. Hylla dei hadde gått seg fast på var vanskeleg å komme seg til utan sikring, og det var langt ned, fortel Kleiven Rynning til Firdaposten.

Redningsaksjon i Magnhildskaret: Per Jarle Hjellum og  dei to grunneigarane ser oppover mot sauane som sit skorfaste på ei hylle.

Redningsaksjon i Magnhildskaret: Per Jarle Hjellum og dei to grunneigarane ser oppover mot sauane som sit skorfaste på ei hylle. Foto:

 

Svoltne sauar

Grunneigarane har ei avtale med Florø Klatreklubb om at dei kan utvikle eit klatrefelt i Grytadalen, mot at dei hjelper til når sauer står fast.

Stavang fekk med seg nestleiar i klubben, Per Jarle Hjellum, og eigar av sauane, Arild Myklebust. Etter vel ein time var dei rigga til, men sauane var ikkje godt van med menneske, og sjølv om dei vart freista med kraftfôr tok det godt over ein time å få tak i dei.

– Vi var bekymra for at dei skulle bli redde og plutseleg finne på å hoppe utfor. På det verste var det mellom 50 og 80 meter ned, seier Stavang.

– Vi fant oss ein plass der det var 30 til 40 meter ned. Der sikra vi oss inn, festa lamma i selen med tau, og firte oss ned i lag med dei, ein og ein. Mor deira derimot, var så stor og kunne sparke godt ifrå seg, så ho måtte vi fire ned åleine. Dei hadde stått der i nokre dagar, og var nok svoltne, for dei hoppa ut på graset og byrja å ete straks dei kom ned, fortel Stavang.

Redningsaksjon i Magnhildskaret.

Redningsaksjon i Magnhildskaret. Foto:

Same metode som ved kameratredning

Rynning summerer opp aksjonen med at det gjekk bra med både folk og dyr. Og la til at grunneigar, Arild Myklebust, var fornøgd med å få sauane trygt ned.

– Det er ikkje noko kjekt å gå å vente medan dyra sit fast. Men det er viktig å ta seg god tid. Å roe ned. Om dyra blir stressa kan dei finne på å hoppe utfor. Det var godt at det gjekk såpass greitt å få dei ned.

Nestleiar i klatreklubben, Per Jarle Hjellum, var med på aksjonen, og seier at sjølve nedfiringa var det lettaste.

– Når vi først fekk dei festa i selen, hang dei der – det vanskeleg var å få fatt i dei. Dei stritta i mot ganske lenge. Når det gjeld sjølve redninga så er metodesettet det same som ved er kameratredning. Det var godt å få repetert det og sjå at alt gjekk bra, seier han, og legg til:

– Det var kjekt at vi kunne vere til nytte.

Artikkeltags