No har dei blitt samde om kven som skal bli Kinn sin nye ordførar

Ola Teigen valvake Kinn-valet 2019

Ola Teigen valvake Kinn-valet 2019 Foto:

Fire parti har blitt samde om kven som skal styre den nye kommunen.

DEL

Partia Ap, Sp, MDG og SV blei måndag samde om ei felles samarbeidsavtale. Den gjer til at Ola Teigen (Ap) blir den første ordføraren i Kinn kommune, som er samanslåinga av Flora og Vågsøy kommune.

Sidsel Kongsvik (Sp) blir varaordførar. Det melder partia i ei pressemelding.

Det var forhandlingsleiarane i partia som møtte kvarandre måndag. No tek dei avtalen tilbake til partigruppene der det blir ein gjennomgang. Både det politiske innhaldet og fordeling av verv og ansvarsområde skal forankrast og godkjennast i gruppene.

– Samarbeidsavtala inneheld gode politiske fellesløysingar som die fire partia er einige om å ha fokus på under bygging av den nye Kinn kommune, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags