To personbilar har kollidert på riksveg 5

ULYKKE: To bilar har krasja ved Svarthumle utanfor Naustdalstunnelen på rv.5 i morgontimane tysdag.

ULYKKE: To bilar har krasja ved Svarthumle utanfor Naustdalstunnelen på rv.5 i morgontimane tysdag. Foto:

Naudetatane er på veg til trafikkulykke ved Svarthumle. To personar frakta til sjukehus.

DEL

To bilar har kollidert ved Svarthumle i Eikefjord på rv.5.

Det er to personar involvert og det er ikkje opplyst om personskade, opplyser politiet på Twitter.

Den eine personen er i 20- åra og den andre i 50- åra.

To personar involvert

Naudetatane er på veg til staden. Politiet fekk melding om hendinga klokka 07.38 tysdag morgon.

Det er to personbilar involvert med ein person i kvar bil.

– Det skal ikkje vere opplyst om personskade, men ein av personane har opplyst om litt smerter i mage og bryst, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Årsaka til ulykka er ukjent.

Bilberging på staden

Ulykka skjedde i 80-sona på vestsida av Naustdalstunnelen, om lag 1,5 km frå tunnelopninga.

– Det skal vere litt vanskeleg med passering på staden for større køyretøy, seier Kolltveit.

ULYKKE: Naudetatane rykte ut til ulykka ved Svarthumle tysdag morgon.

ULYKKE: Naudetatane rykte ut til ulykka ved Svarthumle tysdag morgon. Foto:

Naustdalstunnelen var stengt i ein kortare periode før ein kjente til omfanget av ulykka, opplyser vegtrafikksentralen. Tunnelen er no open att.

Trafikken blir dirigert forbi ulykkestaden.

– Vi har ikkje fått gjort avhøyr av dei involverte, seier politimann Øyvind Førde til Firda sin journalist på staden.

Det er oppretta sak.

Ambulanse har vore på staden og dei to personane blei frakta til sjukehus.

Like etter klokka 09.00 er brannmannskap ferdige på staden. Det blir no jobba med bilberging på staden. Trafikken står no stille på staden.

Klokka 09.35 opplyser politiet at begge bilane er fjerna og vegen er open att.


Artikkeltags