Hydrogenprosjektet GKP7H2 var eitt av dei grøne pilotprosjekta som statsministeren fekk førstehands kjennskap til, då ho var i Florø tysdag. Det skriv Firdaposten.

Prosjektet Trond Strømgren er prosjektleiar for har komme langt sidan oppstarten. Forprosjektet er ferdig. Brødrene Aa har allereie teikna katamaranen som skal utstyrast med hydrogenmotorar. Men ein er langt frå i mål enno.

Treng finansiering

Men no står mykje att på finansiering, dersom verdas første passasjerbåt driven med hydrogen – utvikla i Sogn og Fjordane – skal bli ferdig til 2022 slik planen er. For det kostar å utvikle og prøve ut heilt ny hydrogenteknologi. Totalbudsjettet for GKP7H2 er på kring 150 millionar kroner. For å sikre framdrift i prosjektet, må det friske pengar til.

– Her vil vi trenge finansieringshjelp frå staten, presiserte Trond Strømgren og kom med eit direkte innspel til statsministeren om mellom 2 og 5 millionar direkte over statsbudsjettet.

– I front takka vere Brdr. Aa 

I tillegg la han på bordet fleire innspel som vil gjere det lettare for hydrogensatsinga, mellom anna oppstartskompensasjon dei første driftsåra og fritak frå elavgift til maritim hydrogenproduksjon, hamneavgifter og kontrollavgifter. GKP7H2 ønsker også eit suksesshonorar per båt, per driftsår, og eit suksesshonorar for ruteproduksjon.

– For alt i alt vil hydrogenbasert ruteproduksjon redusere maritime skadelege miljøutslepp, og føre Norge i front når det gjeld hydrogen, streka Strømgren under.

Solberg trur dei får støtte

Statsministeren kunne ikkje komme med lovnader om midlar direkte over statsbudsjettet, men gjekk ganske langt i å seie at dei truleg vil få finansiell støtte til prosjektet.

– Dei vil sannsynleg få meir enn mellom 2 og 5 millionar over statsbudsjettet, men det vil komme i form av andre ordningar. Både i Innovasjon Norge og i Enova vil det vere rom for å gje støtte til slike prosjekt. Men så er det sånn at eg ikkje han bestemme kva enkeltprosjekt dei bør gå for, dei må gjere den faglege vurderinga, seier Erna Solberg.

Dei vil sannsynleg få meir enn mellom 2 og 5 millionar over statsbudsjettet, men det vil komme i form av andre ordningar.

Erna Solberg, statsminister

 

Solberg viser til at regjeringa har endra mandatet til Enova då dei laga den nye meldinga om Enova sitt eigarskap. Dette mandatet handlar om å fokusere meir på CO₂-utsleppskutt. Før var det energiøkonomisering.

– Vi kanaliserer ganske mykje pengar inn til Enova-systemet. Dei får 2 milliardar kroner direkte over statsbudsjettet, og over 600 millionar i sin del av el-avgiftsordninga. Det betyr at det er rom for mange store utviklingsprosjekt som hydrogenprosjektet i Florø, seier Solberg.