Ung mann måtte svømme til land etter at båten hans sokk

Var på båttur då det plutseleg gjekk gale.

DEL

Ein mann i 20- åra måtte søndag kveld legge på svøm etter at båten hans sokk.

Hendinga skjedde i nærleiken av Stabben fyr utanfor Florø søndag kveld.

Mannen oppdaga at båten hans, ein 21 fot FjordViking med innanbords motor, tok inn vatn.

– Etter kvart blei det såpass ille at han måtte legge på svøm, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda måndag morgon.

Han fekk ikkje varsla nokon andre om hendinga heller.

Mannen greidde å svømme til land ved Havreneset til slutt. Avstanden frå fyret og inn hit er to km.

For å svømme betre hadde den uheldige båteigaren tatt av seg ein del kle og kom difor i land i berre ein boksershorts, seier Algrøy.

Vidare fekk han varsla nokre folk i eit hus i området, som igjen varsla politiet.

Vest politidistrikt fekk melding om hendinga klokka 22.15 søndag kveld.

– Mannen var noko nedkjølt, men verka elles uskadd. Han blei frakta vidare til Førde sentralsjukehus, seier Algrøy.

Mannen var på veg til Florø då hendinga skjedde. Saka blir følgt vidare av politiet.

Artikkeltags