Fjord Base får fylle ein million kubikkmeter sprengstein i sjøen

KUBIKKMETER: Innafor dei raude krusedullane skal Fjord Base fylle ut steinmasse i sjøen.

KUBIKKMETER: Innafor dei raude krusedullane skal Fjord Base fylle ut steinmasse i sjøen. Foto:

Av

FLORØ: Massane som skal nyttast kjem frå planering/sprenging av Naustholmen.

DEL

Fjord Base AS søkte i mai Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova til å fylle ut om lag 1 million m³ sprengstein i sjøen ved Naustholmen, Gaddholmen og Persholmen i Flora kommune. No har fylkesmannen fatta vedtak i saka, og dei gjer grønt lys for utfyllinga.

Det melder Firdaposten.

Føremålet med utfyllinga er å utvide Fjord Base sitt industriområde

I søknaden skriv Fjord Base AS at dei skal fylle ut om lag 600.000 m³ mellom Naustholmen og Gaddholmen. I tillegg skal dei fylle ut inntil 400.000 m³ ved Perholmen. Massane som skal nyttast til utfyllinga kjem frå planering og sprenging av Naustholmen.

Utfyllinga skal utførast med lekter, og ifrå land.

Saka har vore ute på høyring, og Fylkesmannen fekk inn fire uttaler. Ingen av dei har innvendingar mot at Fjord Base får løyve til utfylling, men Fiskeridirektoratet krev at arbeidet må skje utanfor gyteperioden til torsk, frå 1. februar til 30. april. Dei krev også skadereduserande tiltak i samband med sprenging, for å unngå stor døyelegheit av fisk i området.

Fjord Base strekar under at det ikkje skal utførast sprenging under vatn i dette prosjektet. Det skal berre fyllast ut i sjø frå lekter og frå land. Undervassprenging og trykkbølger frå dette er difor ikkje eit tema for dette løyvet.

I si oppsummering skriv Fylkesmannen at utfyllinga vil utgjere liten risiko for naturmangfald og fiskeriinteresser. Etter ein samla vurdering gjer dei difor løyve til utfyllinga. Dei strekar under at Fjord Base pliktar å unngå unødvendig forureining under arbeidet.

Artikkeltags