Vann «Årets lokale klimatiltak» med denne framtidsbåten

BÅTEN: Slik ser den første hydrogendrivne hurtigbåten ut, som no får miljøpris. Den skal byggast på Brødrene Aa i Hyen og etter planen sjøsettast i 2022.

BÅTEN: Slik ser den første hydrogendrivne hurtigbåten ut, som no får miljøpris. Den skal byggast på Brødrene Aa i Hyen og etter planen sjøsettast i 2022. Foto:

Av

FLORA: Med heilt utsleppsfri hurtigbåt på hydrogendrift, er Flora kommune best i miljøklassen i 2018, meiner Zero-konferansen.

DEL

Flora kommunes utviklingsprosjekt for utsleppsfri hurtigbåt er kåra til «Årets lokale klimatiltak». Prisen blei delt ut på Zerokonferansen onsdag kveld, melder konferansen i ei pressemelding. 

Andreplassen gjekk til Båtsfjord kommune for fornybar kraft til fiskeflåten, og Trøndelag fylkeskommune fekk tredjeplassen for prosjektet framtidas hurtigbåt.

Stor verdi for andre

Kommunen initierte prosjektet som no har resultert i utvikling og design av ein 30 meter lang hydrogendrevet passasjerbåt. 
– Årets vinnar er eit pilotprosjekt i ordets rette forstand med utvikling av heilt nye løysingar med stor overføringsverdi til andre norske og internasjonale aktørar. Prosjektet er også eit godt døme på samarbeid mellom kommunesektoren, lokalt næringsliv og andre aktørar, seier jurymedlem Odd Einar Dørum i ei pressemelding.

Alle vinnarprosjekta er maritime

Det er ingen tilfelle at det er maritime prosjekt på alle pallplassane i år. Dette ein av bransjane i Norge som er komne lengst i det grøne skiftet og der modige politiske val i fylkeskommunar og kommunar har drive utviklinga framover. Dette har juryen ønska å løfte fram med årets tildelingar.

Det er åttande gang prisen blir delt ut. Juryen for årets tildeling har bestått Kristin Halvorsen, direktør i CICERO, Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS, Kristine Falkgård, administrerande direktør i Kommunalbanken, Odd Einar Dørum, tidlegare statsråd, og Marius Holm, dagleg leiar i ZERO.

Artikkeltags