Har du lyst på verdas beste sommarjobb?

Ingvild Andersen og Allan Madsen.

Ingvild Andersen og Allan Madsen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Jobb med det du har lyst til, bu og jobb der du vil. Fylkeskommunen betaler deg 50.000 i løn og held bustad og kontorlokale.

DEL

– Vi går no ut til heile landet. Målet er å finne Norges mest lovande gründer- og forretningsidé, seier Ingvild Andersen, redaktør i Driftig.no.

Driftig.no er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, fylkesmannen og Innovasjon Norge.

– Vi er ein kommunikasjonskanal som samlar og koordinerer all informasjon og hjelp fylket kan tilby gründerar og etablerte småbedrifter i fylket, seier Andersen.

– Med denne sommarjobben ønsker vi å setje fylket på kartet. Vi vil at folk i heile landet skal legge merke til det utruleg gode nettverket vi har i fylket vårt, både kva gjeld unge, kreative menneske som ønsker å starte eller vidareutvikle bedrift i fylket, men og at vi har dyktige hjelparar i alle kommunar som kan ta imot og hjelpe fram slike prosjekt, seier Andersen.

50.000 i løn

Allan Madsen frå Florø var den som fekk ideen:

– Vi går no ut til heile landet og tilbyr verdas beste sommarjobb. Den som blir plukka ut, vil få 50.000 kroner i løn for seks veker, vi ordnar med bustad og kontorlokale, og vi kjem til å stille opp med det som trengst av ressurspersonar som kan hjelpe og rådgje undervegs, seier Madsen. Han har gått rundt med denne ideen i fleire år:

– Dette var noko vi snakka om allereie då eg jobba som rådgjevar i Fram Flora for nokre år sidan, men vi hadde rett og slett ikkje kapasitet til å setje det ut i livet. Då redaksjonskomiteen for Driftig.no, som eg er medlem i, sat og diskuterte kva skulle gjere i 2017, kom eg på denne ideen igjen. Dei andre tente på det, og måndag denne veka lyste vi ut jobben, seier Madsen.

Han har merka interesse og deling og tipsing på sosiale medium, men førebels ikkje fått nokon søknader.

Leitar etter god idé

– Kva skal til for å få verdas beste sommarjobb?

– Vi ser på to ting. Først og fremst må ein ha ein god idé. Deretter ser vi på søkaren, og hans eller hennar personlege eigenskapar og ambisjonar. Så er vi og opptekne av gjennomføringa. Korleis vil denne personen bruke denne sjansen, og kva er målsetjinga for dei seks vekene? Når vi så har funne den rette, skal vi passe på å gje personen som får jobben ei oppleving han eller ho aldri vil gløyme.

– Du seier den personen. Er det berre ein einaste person de kjem til å plukke ut?

– Ja, i utgangspunktet. Men skulle det melde seg på eit team på to eller tre, så kan vi vurdere det og. Men det er ein einaste idé som vil bli kåra som vinnar.

Artikkeltags