Marius fekk 50.000 i plaster på såret

Marius Vedvik forstod lite då han plutseleg måtte fram under Florø Friidettsfestival for å ta mot eit Furore-stipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane på 50.000 kroner.

Marius Vedvik forstod lite då han plutseleg måtte fram under Florø Friidettsfestival for å ta mot eit Furore-stipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane på 50.000 kroner. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Marius Vedvik var skuffa etter 3000 meter-løpet. Men så vart han ropt opp av speaker.

DEL

Førdianaren Marius Vedvik ville gjerne komme under 8 minutt på 3000 meter i Florø laurdag. Men måtte sjå at det gjekk tungt på dei to siste rundane.

– Eg fekk det skikkeleg på slutten, og då rann sekunda fort unna. Så eg er ikkje nøgd med at eg var 11 sekund unna den magiske grensa, seier Vedvik og trur kanskje mange hardøkter i det siste har gjort at overskotet mangla under friidrettsfestivalen.

– Eg skal ta det litt rolegare no framover mot årets første 10.000 meter til helga. Det var under dette stemnet i Nederland i fjor at eg sette personleg rekord med 28,48, og håpet er sjølvsagt å krype endå litt lenger ned, seier Vedvik.

Overraska

Men var han skuffa over tida si i Florø, så vart han desto meir overraska over at namnet hans plutseleg vart ropt opp over høgtalaranlegget.

– Då skjønte eg ikkje noko. Men då banksjef Arvid Andenæs byrja å snakke om tidene mine og nemnde namnet mitt, så forstod eg at noko var i gjære, seier Vedvik som overraskande måtte fram for å ta mot eit Furore-stipend på 50.000 kroner.

– Dette var utruleg overraskande og positivt. Eg har søkt om støtte, men trudde ikkje at det var noko tildeling no. Og det er utruleg kjekt å bli sett pris på, seier Vedvik.

Over ende

Heimefavoritten Øyvind Strømmen Kjerpeset var uheldig i comebacket sitt, og stupte over den siste hekken.

– Dette var berre min feil. Eg var stokk stiv, og snubla kort og godt over hekken. Og eg treng nok litt meir trening før eg kan vere på maks på 400 meter hekk igjen, seier Strømmen Kjerpeset.

Artikkeltags