Den har definitivt sett betre dagar, fontena som dei bygde i Kyrkjeparken i Florø like etter krigen. No tømmer dei den, sannsynlegvis for godt – i det kyrkjeparken går inn i sine travlaste dagar på året, med konfirmasjonar, 8. mai-markering og 17. mai.

Det fortel leiar for Bygg og Eigedom i Flora kommune, Vidar Vårdal til Firdaposten. Det er Flora kommune som eig og driftar Kyrkjeparken.

– Eg har diskutert litt med Teknisk drift, som har ansvar for å drifte parken. Vi vil no sikre fontena for å unngå at det skjer ei ulykke, seier Vårdal.

– Kva ulykke tenker du på? Drukning?

– Det er mykje knust skifer, og trappene er ikkje gode å gå på. Bassenget har rett nok alltid vore der, men vi har bestemt oss for å tømme det. Presten var litt bekymra for at nokon kunne drukne der, seier Vårdal.

Drukningsfare

Med «presten» meiner han sokneprest Knut Magne Nesse. Sjølv seier soknepresten at han er mest oppteken av det estetiske med fontena, og ikkje berre drukningsfaren i den vesle fontena i ein by som er omgitt av hav på tre av fire kantar.

Pumpa har ikkje fungert på ei stund, så vatnet som ligg i fontena er veldig skite og full av blad og grums frå sist haust.

– Først og fremst synest eg det er ein kjempekvalitet at vi har parken og det opne rommet midt i sentrum. Men så synest eg det er litt flautt når vi inviterer til konfirmasjon og folk kjem i dress og bunad at det står såpass skite vatn i fontena. Når vi har ein sånn fin park må ein ha eit minste snev av vedlikehald, strekar Nesse under.

Og det er ikkje berre fontena som forfell i Kyrkjeparken. Trea og buskane burde ha vore stelte, graset er ujamt og treng litt meir kjærleik, og det er ugras i grusstiane. Men noko vedlikehald av parken blir det nok ikkje med det første.

Les også

Skjønn er du by, Florø?

– Vi er avhengig av å få tildelt meir midlar til drift av parken, svarar Vidar Vårdal.

Opna av kongen

Kyrkjeparken har røter attende til grunnlegginga av Florø, men var først gravplass for byen til soknekyrkja flytta frå Kinn til der den ligg i dag. I 1900 vart gravplassen flytta til der den ligg i dag.

Kyrkjeparken fekk den utforminga den har i dag i 1949, og vart vist fram til kong Haakon VII då han la ned krans på minnestøtta. Men pumpa til fontena fungerte ikkje. Då ordføraren viste fram fontena til kongen beklaga han inderleg den sviktande pumpa: «Beklagar, det er rusk i spruten, deres majestet», sa han.

Florørekord i interpellasjon?

Knapt eit kvarter etter at denne saka vart lagt ut, fremja Jacob Nødseth i Samlingslista ein interpellasjon til bystyret 23. mai for å få greie på kva som blir gjort for at fontena er både trygg og vedlikehalde. Og ikkje minst kva dette vil koste.

– Dette er ein typisk sak som fell innunder kategorien «dette er eit problem berre i Flora kommune», andre byar ser på parkane sine som ein ressurs i bybildet. Dette må vi berre finne pengar til, strekar han under.

I interpellasjonen skriv Nødseth eit framlegg om at bystyret skal be rådmannen innarbeide naudsynt vedlikehald av fontena ved Kyrkjeparken i revidert budsjett i juni 2017, og ber rådmannen iverksette naudsynte tiltak straks.