Florøværingen Sturle Sunde er ein av dei som har handla lengst med bitcoin i Norge, skriv Firdaposten. Han starta opp hausten 2010 etter å ha oppdaga digitalvalutaen gjennom rein tilfeldigheit. Sidan den gong har Sunde solgt bitcoin til fleire interessentar, både her til lands og internasjonalt. Det melder e24.no i dag. 

Sa opp jobben

Hittil har Sunde tent over ein million på den virtuelle handelen. I 2011 passerte Sunde 50.000 kroner i bitcoin-sal og har med tida bygd seg opp ein verdibuffer som han forhandlar frå. Dette gjer han gjennom å kjøpe til lavare pris og selge til høg pris.

– Eg byrja med å veksle mellom norske kroner og bitcoin. Dei som kjøpte då har jo hatt ei ganske bra krusstilling. Bitcoin finst i begrensa mengde, og då får det ein verdi, seier Sunde til E24.

Bitcoin-millionær

Då Sunde såg at inntektene frå bitcoin-forhandlingane ga samme inntening som ei vanleg månadslønn, sa han opp jobben som IT-konsulent i Flora kommune. I dag sel han som privatperson og tar små marginer mellom kjøp og sal av dei digitale myntane.

– Eg sit på mange bitcoin, og har ein god buffer for å drive med handelen. Eg har vore heldig med kursutviklinga, og det er der eg har tent mest, seier Sunde. 

Handelen har gjort Sunde til bitcoin-millionær, men han strekar under at formuen er ein arbeidande kapital. Uten bufferen hadde ikkje Sunde hatt den omsetninga han treng for å oppretthalde ei normal inntekt. Desse pengane kan han ikkje bruke, for då vil samtidig inntekstgrunnlaget forsvinne.

Les også:

Bitcoin-Sturle vil utvide

Ein bitcoin her og ein bitcoin der

Verdistigning

Sunde distribuerer i dag sal til om lag 50 personar om dagen over heile landet:

– Handelen aukar jamnt og trutt og i periodar har det vore ganske mykje, til dømes i desember 2013 og 2016. Då steig kursane kraftig, og mange vil jo komme seg inn i handelen før kursen stig meir.

Sunde meiner bitcoin har utvikla seg enormt den siste tida. Han seier at varene blir billegare for dei som handlar med bitcoin, i motsetnad til betaling med kredittkort der selskapa ofte skal ha gebyrer.

– Desse gebyra slepp ein om ein betalar med bitcoin. Det same gjeld ved kjøp av dollar og liknande, der eg ofte får ein dårlegere vekslingskurs. Det finst gebyrer på alle kantar, men bitcoin er friksjonsfritt, seier Sunde.

I 2011 kjøpte han eit par sokkar i alpakka-ull, til ein pris på 40 bitcoin. Då var den norske kroneverdien per bitcoin på omlag 30 norske kroner. I dag er verdien på ein bitcoin oppe i omtrent 8.520 kroner og sokkekjøpet til Sunde ville per dags dato hatt ein verdi på over 340.800 norske kroner.

– Eg kunne ha kjøpt meg ein bil i dag, om eg hadde spart dei bitcoinane, fortel han.

Les heile saka på E24