Gå til sidens hovedinnhold

– Viser korleis kommersialiseringa har ført til tap for både bedrifter og lokalsamfunn

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORA: Dårlegare tilbod, kraftig prisauke og nedgang i ruteproduksjon er blant funna i ny rapport. No vil Flora Industri- og Næringsforening (FIN) ha FOT-ruter i Florø allereie til neste vår.

– Rapporten viser korleis kommersialiseringa har ført til tap for både bedrifter og lokalsamfunn, seier leiaren i Florø industri- og næringsforeining, Bjørn Hollevik. No krev industriforeininga at det igjen blir innført flyruter med delvis statleg finansiering (såkalla FOT-ruter) på Florø lufthamn, og at dette blir gjort allereie til våren neste år.

– Vi utfordrar dei ulike partia til å svare på om dei vil følgje opp dette, seier Hollevik til Firda.

Fersk rapport

Torsdag føremiddag slapp Flora Industri- og Næringsforening (FIN) ein rapport dei har fått utarbeidd i regi av Møreforsking som har sett på konsekvensar av kommersialiseringa av flytilbodet ved Flora Lufthamn frå 1. mai 2016. Flora kommune har vore med å finansiere rapporten.

Flora Industri- og Næringsforening (FIN) opplever at næringslivet i Flora og i nedslagsfeltet til Flora Lufthamn har opplevd eit dårlegare flytilbod etter kommersialiseringa frå 1. mai 2016.

Prisane gjekk kraftig opp, ruteproduksjonen gjekk mykje ned og tilbodet på kveld/helg vart teke vekk, skriv dei i ei pressemelding.

Dette er funna:

Dei viktigaste momenta Hollevik og FIN vil trekke fram frå Møreforsking sin rapport er:

  • Tilbodet er blitt dårlegare grunna kraftig prisauke (25-40 %) og nedgang i ruteproduksjon (20 %). Dette gir eit samfunnstap i regionen på 7–8 millionar og ein fordelingseffekt frå passasjerane til flyselskapet på 40–60 millionar.
  • Trafikken er så låg at det ikkje er grunnlag for meir enn ein flyaktør.
  • FOT-ruter i Florø treng ikkje høge statlege tilskot.
  • Det er ikkje formelle hindringar for å legge Florø inn under FOT-rutesystemet, og dette kan gjerast uavhengig av dei andre FOT-rute flyplassane.

Hadde aldri venta så låg trafikk

– Viser utslaga av kommersialiseringa seg å vere endå meir alvorlege enn du har trudd?

– Ja. Eg hadde aldri venta at trafikken skulle komme ned på dei tala vi ser no. Rapporten talfestar eit samfunnsøkonomisk tap. Billettprisen har auka, ruteproduksjonen har gått ned, det skjer ei omfordeling av verdiar frå passasjerar til operatør, og trafikkgrunnlaget er så lågt at grunnlaget for kommersialisering manglar, seier Hollevik.

Han minner om endringane i næringslivet som slo inn og fekk konsekvensar for flyplassen i Florø:

– Det vi no ser, er ein kombinasjon av kommersialiseringa og av nedgangen i oljenæringa. Det burde ikkje vere noko prestisjenederlag å ta dette inn over seg, for dei som i si tid heia på kommersiell drift. Her handlar det om endra vilkår og ein røyndom som har blitt annleis, seier Bjørn Hollevik.

Treng politisk vedtak

FIN meiner funna i rapporten dokumenterer svekking av rammevilkåra til næringslivet i regionen som følgje av kommersialiseringa, og den er tydeleg på at det berre er eit politisk vedtak som kan få FOT-rutene på plass igjen i Florø, og dette kan gjerast allereie no.

No ønskjer dei å få på på plass eit vedtak om å innføre FOT-ruteordninga, med definerte maksprisar og rutefrekvens som gagnar næringslivet og lokalsamfunnet.

Dette meiner Hollevik og FIN kan gjerast allereie i haustens statsbudsjett. Oppstart av FOT-rute kan dermed vere på plass i løpet av våren 2018, om dei får det slik dei vil.

Melvær: – Tilbodet er ikkje godt nok

Frida Melvær (H) fortel at ho har forståing for at ein ønskjer FOT-rutene tilbake, når ein ser kva som har skjedd etter kommersialiseringa.

– Det er ikkje godt nok, både for næringsliv og private, seier Melvær, som er partifelle med Bjørn Hollevik, og partiets førstekandidat til stortingsvalet.

Ho fortel at ho frå før har hatt kontakt med bedrifter og andre aktørar om dette, og at ho no vil bruke rapporten til å belyse behovet for å få FOT-rutene tilbake. Melvær fortel at ho har teke kontakt med Samferdsledepartementet, og at ho vil jobbe for at FOT-rutene skal komme tilbake.

– Er det mogleg å få rutene tilbake innan tida som FIN ønskjer seg?

– Eg har forstått det slik at det er mogeleg, om det blir sett trykk på no.

Høl: Behov for FOT-ruter i Florø

Ap sin andrekandidat, Hilmar Høl, er ikkje like sikker som Melvær på at denne tidsplanen vil halde.

– Eg trur den tidsbruken vil strekke seg lenger, om ein skal reversere kommersialiseringa med alt som heng med, seier han.

Men som Melvær er han klar på at FOT-rutene må tilbake til Florø, og legg til at også Ap vil kjempe for dette. Han meiner at rapporten til Møreforsking syner det som det var åtvara om på førehand.

Høl fortel at landsmøtet i partiet har stilt seg bak at FOT-ruter må eksistere der behovet syner seg, noko som no er tydeleg i Florø.

Kommentarer til denne saken