Slit med flyavgangane allereie

Om du kjem deg tid du skal i dag, som flypassasjer, er høgst usikkert på grunn av veret.

Om du kjem deg tid du skal i dag, som flypassasjer, er høgst usikkert på grunn av veret. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Den innkomande stormen har allereie skapt vanskar for flytrafikken både i Førde og Florø.

DEL

Ved Førde lufthamn gjekk 06.30-flyet som sett opp, medan flyet som skulle gått til Oslo klokka 09.10 og Bergen-flyet klokka 09.30 begge er innstilte. Flyet som skulle komme frå Oslo 08.55 og Bergen 09.15 var begge innstilte. Flyet som skulle komme frå Oslo klokka 12.50 fekk først ny tid til 13.50, og er no utsett til 14.30.

Ved Sandane lufthamn gjekk 10.13-flyet til Oslo klokka 11.24. Flyet som skulle komme frå Oslo 0957 kom 11.07. I Sogndal gjekk alle morgonflya, medan 13.30-flyet til Florø og Oslo er innstilt.

Det skriv Avinor på sine nettsider.

Tidlegavgangen frå Florø til Bergen blei kansellert, stadfestar Florø flyservice, og Trond Arne Brekke forventar at uveret vil skape utfordringar gjennom heile fredagen.

Flyet som skulle gå til Bergen 08.55 blei innstilt. 09.25-flyet til Oslo gjekk klokka 10. Flyet til Bergen 11.35 gjekk, medan Oslo-flyet 14.15 er innstilt.

– Passasjerane blir oppdatert via SMS og blir bedne om å kome og sjekke inn til oppgitt tid, slik at vi ikkje får ytterlegare forsinkingar om vêrforholda tilllet at flya går, seier Brekke til Firdaposten, som spår ein krevjande dag for luftfarten over heile landet det neste døgret.

All helikoptertrafikken er kansellert

Det var fredag planlagt tre helikopteravgangar- og ankomstar i Florø, til og frå offshoreinstallasjonane Visund, Snorre A og Snorre B.

Alle er no kansellert, melder Heliport.no.

Båttrafikken som normalt

Klokka 08.50 går både rutene i Florabassenget og Norled sin ekspressbåt Bergen - Nordfjord som normalt.

Artikkeltags