Dei får Venstre sin miljøpris

Nekst AS får pris for sitt miljøkonsept for landbasert oppdrett av laks og aure.

Nekst AS får pris for sitt miljøkonsept for landbasert oppdrett av laks og aure.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Det florøbaserte oppdrettselskapet Nekst har imponert miljøpartiet Venstre med sine framtidsretta planar for havbruk på land.

DEL

2. juni kjem Venstre sin stortingsrepresentant Ola Elvestuen til Florø. Då har Flora Venstre bydd inn til arrangmentet "Pils og Politikk", og med seg i bagasjen har Elvestuen Venstre sin miljøpris for 2017, skriv Firdaposten.

– At Nekst får denne prisen er eit uttrykk for at løysingane deira er heilt i tråd med Venstre sin visjon for ei miljømessig og bærkraftig utvikling av havbruksnæringa, skriv Halvor Halvorsen i Flora Venstre i pressemeldinga.

Nekst fekk i fjor konsesjon for å byggje eit landbasert oppdrettsanlegg på Botnastranda, der fisken kan alast opp på land fram til han når ei vekt på 2,7 kilo. Deretter ventar berre eit seks månader langt opphald i sjøen før slakting. Med så kort tid i sjøen vil laksen gi mindre grunnlag for framvekst av t.d. lakselus, og med det gi ein stor miljøgevinst. I tillegg har Nekst funne løysingar og forretningspotensial for biprodukt og avfall som laksenæringa i sjø ikkje får gjort noko med.

Les også: Gigantutbygging på Botnastranda

Det er Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen som står bak prosjektet, i lag med eit akukande tal investorar som snart har lagt alle milliardane som trengst på bordet for å realisere det som vil bli verdas største oppdrettsanlegg på land, med ein kapasitet på 20.000 årstonn.

– Eg meiner Nekst har teke stortingsmeldinga på alvor, og det er inspirerande at vår miljøprofil blir lagt merke til både av Venstre og av andre, seier Aasen i ein uttale til prisen.

Artikkeltags