Flora kommune gjekk i null

Flora rådhus

Flora rådhus Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Flora kommune offentleggjorde årsresultatet sitt for 2017 måndag. Resultatet viser eit mindreforbruk på seks millionar kroner.

DEL

Flora kommune har i den ordinære drifta eit mindreforbruk på nesten seks millionar kroner. Drift av tenestene kom derimot ut med eit samla meirforbruk på om lag to millionar, skriv rådmann Terje Heggheim i ei pressemelding.

Det har vore mest utfordring innanfor omsorgssektoren, som hadde eit meirforbruk på 7,7 millionar.

Vatn og avløp-sektoren gjekk med eit underskot, slik dei også gjorde i 2016. Dei to siste åra har underskotet komme opp i 9,6 millionar kroner. Rådmannen vil dekke underskotet ved å låne av bufferfondet. I tillegg vil dei også låne dei seks millionane som vart overskot i 2017. Grunnen til dette er at dei ikkje kan ta med seg negative fond vidare.

Den samla avsettinga til disposisjonsfond i Flora kommune er på nærare 25 millionar kroner.

Artikkeltags