No vil dei doble tømmerkaia i Eikefjord

Gunnvar Seljeseth er i styret i Flora skogeigarlag, og driftar også tømmerkaia i Eikefjord. Han gler seg over at dei no får søkje om statsstøtte, og fortel at dei lenge har hatt planar om å utvide kaia.

Gunnvar Seljeseth er i styret i Flora skogeigarlag, og driftar også tømmerkaia i Eikefjord. Han gler seg over at dei no får søkje om statsstøtte, og fortel at dei lenge har hatt planar om å utvide kaia. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Landbruksdirektoratet har no invitert fire tømmerkaiar til å utarbeide fullstendige søknader til oppgradering og nybygginga av tømmerkaiar.

Desse fire er Granvin i Hordaland, Surnadal i Møre og Romsdal, Lenvik i Troms, og Eikefjord tømmerkai i Sogn og Fjordane.

I potten ligg der 22,4 millionar å søke om i revidert nasjonalbudsjett for 2015.

– Kjempegreier!

Ein av dei som gler seg over dette løyvet, er Gunnvar Seljeset. Han sit i styret i skogeigarlaget i Flora, som eig kaia, og er også den som driftar kaia til dagleg.

– Dette er kjempegreier, seier Seljeset, som ikkje er i tvil om at denne løyvinga er av stor betydning for tømmerkaia.

– Dette er ei kai som når breiare enn berre Eikefjord. Den er knytt til Førde, Florø, delar av Gaular, samt Gloppen og Bremanger, seier han, før han vidare peikar på dagens utfordringar ved kaia.

Vil utvide

I dag er kaiområdet smekkfullt med tømmer, og skogeigarlaget har lenge hatt eit ønskje til å utvide.

– Kaifronten i Eikefjorden er i dag 50 meter. Men båtstorleiken har auka voldsomt, so når vi har båtar til kai på opptil 120 meter, då blir det problem, seier Seljeset.

Han fortel at dei også til tider har vore nøydde til å lagre tømmer på andre side av hovudvegen, grunna at kaia er full.

Dobbel lengde

Planane for utvidinga har skogeigarlaget klare. Ferdig utvida vil kaia måle 100 meter i breidda, og få auka lagringsplass, då ein skal fylle masse i sjøen for å utvide.

Det at dei no er inne i søknadsprosessen om statsstøtte kjem godt med, ifølgje Seljeset.

– No har eg ikkje konkrete tal, men vi håpar å kunne starte på denne sida av året, seier han.

Meir politisk vilje

Helge Kårstad i Kystskogbruket gler seg også over at Eikefjord tømmerkai no er inne i søkekøen for statsstøtte.

– Det er ei lang kø av tømmerkaier som ønskjer å vere på ei slik liste, seier han.

Kårstad peikar vidare på at det også vart opna ei ny kai på Kaupanger for vel ein månad sidan.

– Det har no vist seg å vere ein politisk vilje for å satse på skogbruk, seier Kårstad, som gir ros til den noverande regjeringa, representant på Stortinget for Høgre, Bjørn Lødemel, samt landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp).

Denne viljen trur han er med å styrke rammevilkåra for sagbruk.

– Dette vil også kunne redusere biltransporten. Det er ti gongar billegare per tonn, per kilometer å transportere tømmer med båt enn med bil, seier Kårstad.

Artikkeltags