Florø Grilldressfestival for 10 år. Klinebenken. xx og Torbjørn Orheim
Marie Havnen

Det starta med ein bursdagsfest i 2005. No feirar festivalen ti år

Grelle grilldressar skapte magi på tiande året.
Av
Publisert

– Det er nydeleg stemning! Vi kler oss i det som var kult før. Det blir heilt magisk, seier Jon Håvard Strømsnes (28).

Jon Håvard Strømsnes (t.h.) og Bjørn Inge Igland er veteranar på festivalen. – Alle kosar seg, seier dei.

Jon Håvard Strømsnes (t.h.) og Bjørn Inge Igland er veteranar på festivalen. – Alle kosar seg, seier dei. Foto:

Han står på plenen på Florø grilldressfestival. Rundt han dansar folk i fargerike grilldressar på alle kantar. Jon Håvard har vore fast festivaldeltakar i ni av ti år. Med grilldressen som består av shorts og genser, frå foreldra sine glansdagar, 90-tals tennissokkar, mageveske og ein caps fylt av pins er han klar for årets festival.

– Dressen fekk modern og faderen ein gong i dei gode oljetider då det var kult å gi bort grilldressar. Denne er litt meir «classy» enn den klassiske grilldressen, seier Jin Håvard med eit glis.

Og antrekket står seg. Han har nemleg brukt same dressen dei siste ni åra.

–Why change a winning team, spør han.

Frå 10 til 200 grillarar

Det heile starta då Oda Alisøy Søvig skulle feire 20-årsdagen sin i 2005. Vennegjengen ville gjere noko gøy og grilldresstemaet blei introdusert. Namnet Florø grilldressfestival blei tatt i bruk første året. Då kosta inngangsbilletten 14,50 og ti av dei 40 gjestene stilte i grilldress.

Therese Svortevik og Oda Alisøy Søvig.

Therese Svortevik og Oda Alisøy Søvig. Foto:

– Dei trudde kanskje at vi tulla, men innsåg at det ikkje var spøk. Året etter kom 60 stykk. Og tredje året kom alle i grilldress, fortel Oda Alisøy (29) og Therese Svortevik (29) i grilldresstyret.

Dei fem første åra heldt festivalen til i foreldra til Oda sin hage. Så kom Torbjørn Orheim (38) på grilldressfestivalen. Han hadde nettopp kjøpt hus med stor hage.

– Neste år kan de ha festivalen hos meg, sa Torbjørn.

Kanskje var han ikkje heilt klar over kva han hadde gitt seg ut på, men sidan den gong har festivalen stått i den rommelege hagen hans og Torbjørn er blitt det mannlege alibiet i grilldresstyret.

Eige festivaløl
Maiken Solbakken har fått den plettfrie grilldressen frå bestemora i Årdal. – Den er heilt nydeleg!

Maiken Solbakken har fått den plettfrie grilldressen frå bestemora i Årdal. – Den er heilt nydeleg! Foto:

Ryktet på festivalen skal ha det til at ein fyr kom i vanleg dress eit år. Den gongen kosta billetten 17 kroner.

– Og han måtte betale 200 for å komme inn, seier Jon Håvard.

Det som starta som ein venners venner-fest er no blitt som ein institusjon å rekne i Florø. I år blei dei 200 billettane rivne vekk og festivalen har eige grilldressøl frå Kinn.

Dansebonanza

Dansebonanza Foto:

Stoppar ikkje her
Therese Svortevik og Bente Aasen speidar etter kandidatar til "Årets grilldress"-kåringa.

Therese Svortevik og Bente Aasen speidar etter kandidatar til "Årets grilldress"-kåringa. Foto:

Det høyrer med til historia at det to «grilldressbabyar» har komme til verda sidan oppstarten. Bente Aasen i grilldresstyret møtte nemleg kjærasten på festivalen i 2008.

– Vi har to ungar, så det er lurt å gå på grilldressfestival, seier ho med eit glis.

Klokka nærmar seg 22 og Kokken Tor går på scena for andre sett. Om nokre timar er det slutt. Då spaserer heile festivalen til by'n i litt av ein parade.

Arrangørane har ingen planer om å gi seg med det første.

– Grilldressen lever i beste velgåande!

Sjå bildeserie frå festivalen.

Tre på festival – Kva har du på deg?

Artikkeltags