Kontrollerte over 400 køyretøy, men berre fire måtte betale

FLORA: Statens vegvesen hadde kontroll på riksveg 5 i Florø tysdag.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Statens vegvesen hadde kontroll av bilbeltebruk og teknisk kontroll på køyretøy på den tungt trafikkerte riksveg 5 i Florø tysdag.

Der vart det heile 419 køyretøy kontrollerte.

Av desse vart 19 tekne inn på kontrollplassen, og det var skrive ut mangellapp til ti av dei.

Men berre fire førarar måtte grave i pengeboka etter køyreturen. For det var skrive ut to bilbeltegebyr og eitt gebyr for manglande dokument. Den siste hadde for lita mønsterdjupn i dekka.

I tillegg vart ein førar gitt bruksforbod grunna folie på deler av frontruta.

Ni bilistar fekk kontrollrapportar som følgje av tekniske manglar, medan ein hadde feil på bremse, og fleire manglar på lys.

Artikkeltags