Det kjem fram i ei pressemelding frå Maritim Forening i Sogn og Fjordane.

Brødrene Aa og Florø Skyssbåt er sentrale i pilotprosjektet der målet er å ha ein hydrogendriven hurtiggåande passasjerbåt ferdig utvikla innan 2021. No håpar prosjektleiar Trond Strømgren i Maritim Forening at fylkeskommunen opnar for at litt av potten kjem dette prosjektet til gode, og dermed gir eit bidrag til at målsettinga kan bli innfridd.

Stort potensial

– Vi skal gjere vårt for å bidra med kunnskap og kompetanse slik at Sogn og Fjordane kan bli leiande på maritim hydrogenteknologi. Her ligg eit stort verdiskapingspotensial for framtida, seier han i ei pressemelding.

Fleire aktørar er med i prosjektet som har fått namnet GKP7H2. Forprosjektet har fått støtte av Innovasjon Norge si ordning for miljøvennleg skipsfart. Også fylkeskommunen har bidrege økonomisk.

– Eg håpar at dei fylkeskommunale politikarane og administrasjonen vil vurdere å etablere eit referanseprosjekt, til dømes på ei av rutene som skal ut på anbod med oppstart i 2022, seier Strømgren.

Designa av Brødrene Aa

Brødrene Aa har designa båten, som ifølge styreleiar i prosjektet, Jan Erik Nygård, vil vere eit viktig bidrag til Norge sine forpliktingar om å kutte klimagassutslepp i forhold til Paris-avtalen.

– Hurtiggåande passasjerbåtar har svært høge utslepp per passasjerkilometer. I kombinasjon med at vi har eit leiande maritimt næringsliv i fylket har vi difor valt å satse på utvikling av nullutsleppsløysingar for hurtigbåt, seier Nygård.