21 år gamle Melvin Gómez er fødd og oppvaksen i El Salvador i mellom-Amerika, og var ein av i overkant 500 som deltok på løpsfesten Rett Vest i Florø laurdag.

– Det var travelt, men kjempemoro, seier 21-åringen til Firda.

Det høyres daglegdags ut når ein skriv det slik, men for Gómez er det desto meir krevjande å ta seg gjennom den fem kilometer lange løypa. For fem år sidan trakka han på ei landmine, og hamna i rullestol. Han måtte dermed gjennomføre løpet ved hjelp av armkraft i rullestolen.

Første gong

– Eg byrja å trene då eg kom til Norge og har prøvd meg i ein langrennskonkurranse, men dette er første gong eg er med på eit løp, seier Gómez til Firda.


Melvin Gómez etter å ha komme i mål. Foto: Svein Rune Kjøllesdal

21-åringen smiler og ser nøgd ut etter å ha kryssa mållinja, men han legg heller ikkje skjul på at han har fått brukt armstyrken.

– Det var ei tøff løype. Der var nokre skikkeleg tunge bakkar. Men for meg var det viktig å gjere dette, seier han, og legg til:

– Mange ser på det å sitte i rullestol som eit handicap, men eg ønsker å vise at ein kan gjere alt - sjølv om ein sit i rullestol. Ein må berre jobbe hardt, seier 21-åringen.

Stor forskjell

Han går på skule på UWC i Fjaler, og fortel gjerne om kor godt han trivst her.

– Noko av det beste med Norge er klimaet. Eg likar veldig godt det at ein har så forskjellige årstider. Også er det veldig stor forskjell på El Salvador og Norge, seier han.

Landet han er frå er ei land som opp gjennom historia har vore prega av mange konfliktar, og så seint som i 1992 vart borgarkrigen som herja landet avslutta med ein fredsavtale.

Men trass 20 år med fred er Melvin klar på at landet har ein lang veg å gå før det blir som Norge.

– Her er alt så stabilt, og ein har lover som verkar gode og som befolkninga følgjer. Ein er også komne mykje lenger med likestillinga i Norge enn i El Salvador, seier Gómez.

– Håpet mitt for framtida er å ta med meg det eg har sett her i Norge til mitt eige land, og bidra til at vi kan få eit meir stabilt og likestilt land, seier den reflekterte, men utslitne 21-åringen til Firda i målområdet.

– Han er ein tøffing, som jobbar hardt, legg lærar Summer Govan frå Canada til.

Unggut til topps

Gómez kom i mål til ei særs god tid på 5 kilometeren, men heilt til topps var det ein unggut frå Førde som gjekk. Vetle Uhr Hammersvik var det nemleg ingen som greidd å slå.


Vetle Uhr Hammersvik. Foto: Svein Rune Kjøllesdal

– Det er klart det er moro å vinne her. Det er ei fin løype, sjølv om den er tøff, seier han til Firda.

I maratonklassen var det, som vanleg, Helge Hafsås frå Olden som gjekk til topps, med tida 2.52.35.

Medan Florøværingen Magnar Solheim, litt uventa, sikra heimesiger i den prestisjefylte klassen på 10 kilometer, der 120 stilte til start.

– Eg har vunne ein gong før, men det er nok ti år sidan no. Det var verkeleg ikkje venta at eg skulle gå til topps i dag, men nivået er kanskje litt lågare i år enn det har vore dei siste åra, då utøvarar som Marius Vedvik var med, seier Solheim.

57-åringen legg ikkje skjul på at han held seg i form, men vil likevel ikkje ta steget opp til å springe maraton.

– Det gjorde eg i 2000, og aldri igjen. Det var så vondt for beina. Då likar eg betre 10-kilometeren, seier han og ler.


Vinnar i kvinneklassen Anna Margrethe Tråve (t.h.) frå Lærdal. Foto: Svein Rune Kjøllesdal

I kvinneklassene var det Stine Mari Taule som vann halvmaraton, medan Anna Margrethe Tråve vann 10 kilometeren.