Denne båten fiska for 40 millionar kroner i fjor

FANGST: Rederiet Fiskebas har auka inntektene sine frå 30 millionar i 2015 til 40 millionar i fjor.

FANGST: Rederiet Fiskebas har auka inntektene sine frå 30 millionar i 2015 til 40 millionar i fjor. Foto:

FLORA: Gode prisar og fulle nøter har sørga for åtte millionar i overskot for familierederiet Fiskebas AS.

DEL

– 2016 var eit veldig godt år både på pris og fangst, seier dagleg leiar Siv Madsen.

Det familieeigde rederiet har base i Florø, har éin fiskebåt og blei starta opp i 1966. I fjor selde dei fisk for 40 millionar, og sat igjen med åtte millionar kroner i overskot.

Det var Fiskeribladet Fiskaren som først omtalte saka.

Solid snuoperasjon

Bedrifta hadde underskot dei tre åra før dette, som toppa seg på 8,7 millionar i minus i 2015. Madsen seier at dette hovudsakleg skuldast valutatap.

Men no ser det lovande ut for framtida.

– Vi reknar med at 2017 blir like bra som i fjor, truleg betre. Det er gode prisar, og så har vi ein del oppdrag frå Havforskingsinstituttet i tillegg, seier Madsen.

25 fotballbaner stor

Rederiet fiskar etter sild, markell, lodde og hestemakrell med not. Nota er 800 meter lang og 210 meter djup, og ville dekka 25 fotballbaner i areal.

Båten deira heiter «MS Fiskebas». Den fekk dei levert i 2014, og er båt nummer fire i selskapet. Båten er 64 meter lang og har ein lastekapasitet på 1550 kubikkmeter. Den har 12 lugarar med dusj, toalett, trimrom, sauna og kinorom.

BÅTEN: Slik ser MS Fiskebas ut.

BÅTEN: Slik ser MS Fiskebas ut. Foto:

Selskapet Fiskebas AS er eigd av ulike personar i Madsen-slekta via Fiskebas Holding AS.

Administrasjonsen deira består av Siv Madsen som dagleg leiar, og Magne Madsen som mentor. Sistenemnde har vore med sidan selskapet blei stifta i 1966, og har vore skipper på dei tre førre fiskebåtane til bedrifta.

Sjå rekneskapstala for bedrifta under:

Artikkeltags