Trafikkulykke mellom personbil og traktor

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: To personar involvert. Ein av desse er sendt til legevakt i ambulanse.

DEL

Politiet melde om ein kollisjon mellom personbil og traktor i Brandsøya i Flora kommune klokka 12.35 torsdag.

– Det verkar som personbilen har køyrd i framhjulet på traktoren, så det er ei møteulykke. Begge sjåførane skal vere oppegåande. Ingen skal vere fastklemte, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda etter ulykka.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 12.30, og alle naudetatar rykte deretter til staden.

– Vi har relativt god oversikt over det som har skjedd. Mest sannsynleg har kollisjonen skjedd i samband med ei forbikøyring, seier skadestadsleiar Kjell Magne Barsnes for politiet til Firdaposten.

Helse Førde twitra i 13-tida at ein av sjåførane blei tatt med til legevakt med ambulanse.

Foto:

Artikkeltags