Dei er fylkets beste ungdomsbedrift

Ungdomsbedrifta aDABt UB vart fylkets beste ungdomsbedrift onsdag, og sikra seg dermed ein NM-plass.

Ungdomsbedrifta aDABt UB vart fylkets beste ungdomsbedrift onsdag, og sikra seg dermed ein NM-plass. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er ein ganske nøgd gjeng som sit på bussen tilbake til Florø no.

DEL

Det seier Mathilde Jellestad, dagleg leiar i ungdomsbedrifta aDABt UB, som onsdag vart kåra til fylkets beste ungdomsbedrift.

Prisen fekk dei under Fylkesmessa for ungdomsbedrifter i regi av Ungt entreprenørskap, og med sigeren følgjer det også med ein plass i NM for ungdomsbedrifter, som blir arrangert i Lillestrøm i slutten av april.

– Over all forventning

– Det er i grunnen over all forventning. Vi tenkte vi hadde gode sjansar, men at det skulle gå så bra er vi supernøgde med, seier Jellestad.

Dette er vinnarane

Beste ungdomsbedrift 1 plass : aDABt UB, Flora vgs

Beste ungdomsbedrift 2. plass : La Nature gourmet UB, Måløy vgs

Beste marknadsføringstiltak 1. plass : aDABt UB, Flora vgs

Beste maknadsføringstiltak 2. plass : La nature Gourmet UB, Måløy vgs

Beste HR bedrift 1. plass : Process UB, Sogndal vgs

Beste HR bedrift 2. plass : La Nature Gourmet UB, Måløy vgs

Beste Utstilling : aDABt UB, Flora vgs

Beste produkt : Skrue UB, Eid vgs

Beste teneste : aDABt UB, Flora vgs

Beste innovative idé / produkt : Din kvardag UB, Årdal vgs

Beste rekneskap : Process UB. Sogndal vgs

Beste produktdesign : Din Kvardag UB, Årdal vgs

Og den daglege leiaren for Florø-elevane har grunn til å vere nøgd, for totalt sett fekk aDABt fire prisar under fylkesmessa.

Skryt for presentasjon

Ungdomsbedrifta frå Flora sel og monterer ein adapter som gjer at FM-radioen i bilen eller båten din kan ta inn digitale radiosignal (DAB). Dette er ein marknad som er aukande, då analoge radionettet blir lagt ned 21. juli 2017.

Jellestad fortel at dei i grunngjevinga fekk vite at dei har god kontroll på det dei driv med, og at dei var dyktige både på standen på messa og gjennom presentasjonen - sjølv om teknologien svikta under Powerpoint-presentasjonen deira.

Når dei no skal planlegge fram til NM, kan ho garantere at det ikkje skal bli kluss med teknologien.

– Det kan du vere sikker på at vi skal ha orden på, seier ho og ler.

Skal jobbe hardt

Alle dei 19 elevane som utgjer aDABt UB, skal neppe til Lillestrøm, men Jellestad fortel at dei skal sende ein utvald gjeng nedover til NM for å representere bedrifta.

– No blir det hard jobbing framover, for vi vil gjere vårt beste, seier Jellestad, som understrekar at det blir mange gode bedrifter å kjempe med.

– Det er mange fleire bedrifter med, og mange prisar å kjempe om. Så dette ser vi fram til, seier Jellestad.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken