Fekk båtfortøyingane kutta for andre gong

REPRISE: John Egil Svortevik vart i 2015 intervjua av Firda etter at båten hans dreiv på fjorden og vart funne nær ei mil unna. Han meinte då at fortøyinga var kutta, og onsdag kveld oppdaga han på ny at nokon hadde kutta dei (bildet til høgre).

REPRISE: John Egil Svortevik vart i 2015 intervjua av Firda etter at båten hans dreiv på fjorden og vart funne nær ei mil unna. Han meinte då at fortøyinga var kutta, og onsdag kveld oppdaga han på ny at nokon hadde kutta dei (bildet til høgre). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: John Egil Svortevik sin gamle båt dreiv på sjøen etter at fortøyingane var kutta. No har nokon på ny kutta dei.

DEL

I 2015 opplevde John Egil Svortevik frå Florø at fritidsbåten hans dreiv på sjøen i Eikefjorden, og vart funnen att nesten ei mil unna. Sjølv meinte han at dette skuldast at nokon hadde kutta fortøyinga til båten, og nyleg fann han fortøyingane til sin nye båt skorne av på ny.

– Det er tragisk at folk går rundt og driv med fanteri som dette. Det er heilt unødvendig, seier Svortevik, som oppdaga det han omtalar som hærverk seint onsdag kveld, etter å ha besøkt mor si i Eikefjorden, der båten ligg.

– Båten ligg fortøydd med eit tau i front som vi plar bruke til å hale båten i land, samt eit tau bak som er festa til ein jernstaur for at båten skal ligge med baugen mot sjøen. Det var dette tauet som var kutta, og eg såg at båten låg feil veg, seier Svortevik.

Glad den ikkje dreiv på sjøen att

Han irriterer seg over at nokon på ny har vore nede og skore av fortøyinga, samstundes som han er svært letta over at båten ikkje dreiv på sjøen denne gongen.

RETTE KUTT: Svortevik, med tauet til gamleåten han meiner vart skore laus i 2015.

RETTE KUTT: Svortevik, med tauet til gamleåten han meiner vart skore laus i 2015. Foto:

– Denne båten er heilt ny. Den vart kjøpt i slutten av april, og med ny påhengsmotor er det verdiar for 30.000, seier Svortevik.

Ber om å få ha båten i fred

Dagen etter hendinga la han ut eit innlegg på Facebook, der han bad om å få ha båten sin i fred frå no av.

– Det er jo ikkje første gongen, og eg har også opplevd at det har blitt teke fiskeutstyr frå gamlebåten, som også ligg på land like bak, seier han.

Blylodd og årer er blant det han har fått stole, og han har også opplevd at nokon har drege garna hans.

Sjølv om det er andre gongen han opplever dette, fortel han at han ikkje kjem til å slutte å la båten ligge fortøydd her.

– Eg har tenkt tanken å la vere, men eg håpar at det no blir ein slutt på dette, seier han.

FORTØYD: Slik ligg båten til vanleg.

FORTØYD: Slik ligg båten til vanleg. Foto:

Artikkeltags