Fann båten sin drivande på sjøen etter at nokon skar av fortøyinga

John Egil Svortevik meiner nokon har skore fortøyingane på båten hans.

John Egil Svortevik meiner nokon har skore fortøyingane på båten hans. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Politiet bad folk sikre båtane sine betre, men John Egil sin båt var losna av nokon.

DEL

På tysdag skreiv Firda at politiet melde om ein fritidsbåt som dreiv i Eikefjorden. Politiet bad båtfolk om å lære seg å sikre båtane sine skikkeleg.

Eigaren av båten, John Egil Svortevik seier at båten ikkje var dårleg knytt, men vart skore laus med vilje av nokon.

Svortevik har båten sin fortøya i Kvalvika, nokre få kilometer frå Eikefjord. Han var ikkje klar over at båten var vekke før Firdaposten skreiv om saka.

– Når eg såg artikkelen bad eg mor mi gå ned og sjå om båten min var der og då var den vekke.

Svortevik bur i Florø, men har båten i Kvalvika. Han er fødd og oppvaksen der og mor hans, Gudrun Hamarset, bur der no.

Fortøyingane skore

Svortevik viser fram eit svart tau som han hadde brukt til å fortøye båten med. Han meiner tauet er skore over. Karabinkroken var losna og låg igjen ved kaia då han kom til staden.

– Sist gong eg brukte båten knytte eg fleire knutar og sette karabinkroken i båten som eg alltid gjer. Båten sleit seg ikkje, seier han.

Onsdag morgon hadde bebuarar på Hatleset, nesten ei mil for Kvalvika, sett båten. Dei taua båten til land og kontakta Svortevik. Dei fann det avskorne tauet:

– Ikkje eingong ein bil kan klare å slite eit slikt tau. Det må ha vore skore over, seier dei.

Restane av tauet båten var fortøydd med. John Egil meiner tauet vart skore.

Restane av tauet båten var fortøydd med. John Egil meiner tauet vart skore. Foto:

Svortevik meiner at nokon har skore over fortøyingane og slept båten hans ut av vika. Då politiet fekk melding om båten låg den mellom Kvalvika og Tangen, nesten ein kilometer frå der den var fortøydd.

– Det er ikkje snakk om at båten kjem seg ein kilometer ut av vika utan hjelp. I tillegg var det flo då båten forsvann, seier han.

Dette er ikkje første gong ting har blitt vekke frå kaia. Svortevik har fleire gonger dei siste tre åra opplevd at fiskeutstyret hans forsvinn. For det meste er det krabbeteiner som blir tekne.

Reagerer på politiet sin reaksjon

Politiet fekk melding om båten på tysdag klokka 14.39. Dei sende ein politipatrulje ut for å sjå etter båten mellom Florø og Eikefjord, men fann ikkje båten då.

– Vi reknar med at kjentfolk reagerer og får henta inn båten, sa politiet til Firdaposten på tysdag.

Svortevik meiner politiet burde teke saka meir alvorleg:

– Det eg reagerer mest på er at politiet ikkje sjekka betre om nokon var skada. Kva om nokon hadde fått eit anfall og låg i båten eller i fjorden? Politiet burde vore ute med båt og sjekka i staden for å sjå etter den frå vegen.

Kabinkroken var losna frå båten og hang igjen på kaia.

Kabinkroken var losna frå båten og hang igjen på kaia. Foto:

Olaug Holme, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt seier at dei får inn mange meldingar om førarlause båtar:

– Når vi får inn melding om ein båt utan førar vurderer vi alvoret. I dette tilfellet var ein politipatrulje ute og sjekka og dei fann ikkje båten. I tillegg var det veldig roleg vatn og det var ikkje meld om sakna personar i området.

– Vi var i kontakt med hovudredningssentralen og dei vurderte at det ikkje var nødvendig for dei å sende ut ein båt for å sjekke.

Holme seier at politiet får inn mange meldingar om førarlause båtar.

John Egil Svortevik og mor hans Gudrun Hamarset meiner folk må vere flinkare til å sjekke dersom dei ser ein båt utan førar:

– Om ein bil langs vegen ligg i grøfta må ein sjekke om nokon er skada. Det same gjelder på sjøen, seier Hamarset.

Artikkeltags