Klokka 23.28 tysdag kveld meldte Vegtrafikksentralen Vest om at fylkesveg 615 ved Fløgatunnelen i Gloppen er stengd.

Dette skal vere som følge av eit steinsprang inne i tunnelen.

– Det skal vere på ein halv til ein kubikkmeter, seier Marius Næss, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Han fortel at tunnelen framleis er stengd og dei ventar på at geolog skal sjekke staden.

– Det er ikkje sett noko tidspunkt, men det er nok så fort som mogleg, seier han.