Flest har tillit til NRK1 og TV2 under koronapandemien

Og tilliten til lokalavisene fell mest, ifølge ny undersøking gjort av Medietilsynet.

DEL

– Tala kan indikere at nasjonale TV-kanalar blir opplevd som viktigare under ei krise som den vi opplever no, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet i ei pressemelding.

Byks for TV2

Øvst på lista ligg NRK1, som 83 prosent svarte dei hadde svært eller ganske høg tillit til. Det er eitt prosentpoeng høgare enn same tid i fjor.

På andreplass kjem TV2 med 70 prosent, som har klatra ni prosentpoeng frå fjoråret.

Lokal-/regionalavisa hamna på 51 prosent, som er det kraftigaste fallet i undersøkinga, ned 14 prosentpoeng frå i fjor.

Facebook på botn

Færrast har svært eller ganske høg tillit til nyheiter frå Document.no og Facebook, ifølge undersøkinga: Fire prosent i begge tilfella. Facebook har størst del som svarer at dei har svært eller ganske låg tillit til nyheitene frå plattforma.

– Det store bildet viser at nordmenn har stor tillit til dei redaktørstyrte media, og dette er viktig for at media skal kunne fylle sin viktige samfunnsrolle, seier Velsand.

Undersøkinga er gjennomført fire gongar sidan mars 2019. Under kvar måling blei ein stad mellom 1000 og 1500 personar intervjua via nett/e-post. Resultata er vekta etter kjønn, alder og utdanning.

Sjå heile lista under:

  1. NRK1: 83 prosent (2020) mot 82 prosent (2019)
  2. TV 2: 70 prosent (2020) mot 61 prosent (2019)
  3. Aftenposten: 60 prosent (2020) mot 60 prosent (2019)
  4. Di lokal-/regionalavis: 51 prosent (2020) mot 65 prosent (2019)
  5. Dagens Næringsliv: 46 prosent (2020) mot 54 prosent (2019)
  6. Dagbladet: 35 prosent (2020) mot 40 prosent (2019)
  7. VG: 42 prosent (2020) mot 43 prosent (2019)
  8. Klassekampen: 24 prosent (2020) mot 33 prosent (2019)
  9. P4: 22 prosent (2020) mot 33 prosent (2019)
  10. Document.no: Fire prosent (2020) mot fem prosent (2019)
  11. Facebook: Fire prosent (2020) mot seks prosent (2019)

Artikkeltags