Onsdag morgon rykka politiet ut til Flesland etter fleire meldingar om at det var sett dronar i området.
Klokka 06.40 stengde flyplassen.
– Luftrommet er førebels stengd. Vi ser korleis situasjonen utviklar seg, og er i dialog med politiet, seier operativ sjef på Flesland, Øystein Skaar.
Skaar stadfestar til BA at det er observert drone i området.
Luftrommet over flyplassen er stengd og flytrafikken er innstilt.
– Dette vil føre til store forseinkingar og få følgjekonsekvensar, seier Skaar til avisa.
Er du råka av flystansen? Tips oss på redaksjon@firda.no.
Firda kjem tilbake med meir.

Les også