Stortinget er klar på at dersom det finst feil eller manglar i konsesjonen, så skal prosjektet stoppast, seier Ole André Myhrvold (Sp) til NPK.

Regjeringspartia på Stortinget – Høgre, Venstre og KrF – ber saman med Senterpartiet, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet regjeringa vurdere om behandlinga av konsesjonane er gjort i samsvar med energilova og krava i forvaltningslova, i eit såkalla omforeint forslag til regjeringa. NRK skreiv om saka først.

Forslaget er eit generelt forslag, og ingen konkrete vindkraftprosjekt er nemnt.

– Vil dette også gjelde omstridde vindkraftverk der utbygginga har starta?

– Det må regjeringa vurdere. Men eg ventar nok at dei tar ei brei gjennomgang av prosjekt som er i startfasen, seier Myhrvold.

Vil setje nye konsesjonar på hald

I forslaget ber fleirtalet òg om at det ikkje blir gitt nye konsesjonar fram til Stortinget har behandla endringane i konsesjonssystemet, som regjeringa legg fram forslag til fredag. Dei ber òg regjeringa innanfor gjeldande reglar ikkje gi forlengd konsesjon for iverksetjing av vindkraftverk på land.

– Har ikkje vindkraftverka fysisk straum innan 31.12, så vil det ikkje bli gitt ytterlegare utsetjing, seier Myhrvold.

– Kva feil eller manglar i konsesjonen kan det vere snakk om?

– Det kan vere alt, til dømes naturverdiar eller at prosjektet har endra form etter at konsesjonen er gitt.

– Gjeld det òg endring av Miljø-, transport- og anleggsplanar frå utbyggar etter at konsesjon er gitt?

– Det kan vere det, seier Myhrvold.

Dette er forslaga frå stortinget:

1. Stortinget ber regjeringa vurdere om behandlinga av gitte vindkraftkonsesjonar har følgt energilovgivinga og kravet i forvaltningslova. Dersom det skulle finnast feil eller manglar i konsesjonen som er i strid med kravet til lovgivinga skal forvaltninga stanse vedtaket.

2. Stortinget ber regjeringa innanfor gjeldande regelverk ikkje forlenge frist for å setje i drift utover 31.12.2021 for vindkraftverk på land som i dag har gyldig konsesjon.

3. Stortinget ber regjeringa avstå frå å ta nye konsesjonssøknader for vindkraft til behandling før Stortinget har behandla stortingsmeldinga om endringar i konsesjonsbehandlinga for vindkraft på land.