Fleire vogntog stod faste på veg opp på Hemsedalfjellet

Vegtrafikksentralen melde onsdag ettermiddag om glatt veg frå Borlaug og oppå Hemsedalfjellet.

DEL

– Store køyretøy må bruke kjetting!

Det skriv Vegtrafikksentralen om tilhøva på Hemsedalfjellet.

Entreprenør er på veg med grus for å hjelpe åtte vogntog som står med stans i bakken opp frå Borlaug.

Klokka 15.30 melder vegtrafikksentralen at seks av ei åtte vogntoga har komme seg vidare. Dei to siste held på å legge på kjetting,

– Det er passering forbi. Strøbilen vil nok legge på litt ekstra i området også, seier trafikkoperatør Ketil Molvær i Statens vegvesen.

Han håpar at dei to siste vogntoga også kjem seg vidare.

– Dersom dei glir litt ut i vegen når dei skal komme seg lause, så kan det bli stengingar. Men så langt er det i alle fall passering og open veg, seier Molvær.

Slik er statusen på fjellovergangane onsdag ettermiddag:

E16 Filefjell: Ope

Rv52 Hemsedalsfjellet: Ope

Fv50 Aurland-Hol: Ope

Rv15 Strynefjellet: Ope

E134 Haukelifjell: Ope

Rv 7: Kolonne for alle

Rv 13 Vikafjellet: Stengt, blir ikkje opna i dag

Fv 53 Tyin – Årdal: Ope

Artikkeltags