Gå til sidens hovedinnhold

Fleire vogntog kom seg ikkje opp på Hemsedalsfjellet

Rv. 52 var stengt i fleire timar.

Vegtrafikksentralen opplyser at vogntoga fett problem på veg opp frå Borgund-sida.

– Ifølgje ein vogntogsjåfør der oppe er det snakk om mellom 20-25 vogntog som no står fast, seier trafikkoperatør i Lærdal, Ketil Molvær klokka 16.45.

Vegen vart difor stengd.

Glatt veg skal ha vore årsaka til kaoset.

– Dei står før den siste kneika før du kjem til Breistølen. Det har truleg vore våt vegbane der tidlegare, men då mørket fall på har det truleg blitt is, forklarar trafikkoperatøren.

Men skal du over fjellet i kveld har Molvær ei klar oppmodig:

– Køyr Filefjell, for det vil truleg ta tid før vogntoga kjem i gang igjen.

Klokka 18.30 melder Vegtrafikksentralen at vegen er open for fri ferdsel igjen.

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33