– Mannskap er på veg for å kartlegge situasjonen, seier informasjonssjef Amalie Knudsen i Telenor.

Ho seier at området som er utan dekning strekker seg mellom Breivatnet og Flekke på rv. 57 i Fjaler kommune.

– Vi kan førebels ikkje seie kor tid feilen vil vere retta, men vi gjer vårt ytste for å rette feilen så raskt som mogleg, seier ho.

Det var tidleg torsdag morgon at eit lynnedslag slo ned i ein telemast i Eikeskogen. Dette førte igjen til at det oppstod brann i basestasjonen på staden. Då brannmannskapet kom fram på staden, hadde bygget brunne heilt ned.