– Vi vil også be folk om å vere observante, og sjekke om det kan vere lagt tjuvegods i hagane deira, i søppelkassar og liknande. Moduset her kan vere at gjerningspersonen har lagt frå seg ting litt her og der, seier Thorstad.

Ho fortel at dei har kontroll på ein person i samband med tjuveria.

– Per no er det ingen opplysningar om at det skal vere fleire personar involvert. Viss folk saknar tjuvegods, må vi vite det fort, og då er det berre å ta kontakt med lokalt politi. Om ein har ein åstad som bør sjekkast ut, skal ein ringe operasjonssentralen, seier etterforskingsleiaren.

Saka kan minne om tjuveri-raidet som var i Førde i fjor haust. Der vart tre unge menn og ei kvinne arresterte etter at dei tok seg inn i bilar, hus, garasjar og buer, og stal forskjellige gjenstandar. Dei stal også teknisk utstyr frå Førde Hotell, verd fleire hundre tusen kroner. Tjuvane la frå seg tjuvegodset rundt om kring i Førde sentrum.

Les meir om saka her: