Gå til sidens hovedinnhold

Fleire steinar har rasa ut på vegbana

For tre år sidan gjekk eit større ras, no har det kome endå meir stein.

Det har gått eit lite steinsprang på fylkesveg 609 ved Ulltang utanfor Førde i retning Solheimsdalen.

Vegtrafikksentralen fekk melding om hendinga klokka 08.00 søndag morgon.

– Innringaren sa det låg steinar på storleik med tennisballar og laptopar i vegen. Han flytta dei største ut av vegbana, og så har vi varsla entreprenør, seier Jørgen Bødtker ved Vegtrafikksentralen.

Entreprenør er på veg til staden no.

Raset gjekk på same stad som eit større steinras gjekk for tre år sidan, fortel Vegtrafikksentralen.

Kommentarer til denne saken