Fleire personar i slåstkamp i Florø

DEL

Klokka 02.51 natt til laurdag fekk politiet melding om ein slåstkamp i Hamnegata i Florø.

Det var fleire personar i slåstkampen, og ein vart skadd.

– Ein person vart utsett for vald, men fekk ikkje nokre alvorlege skadar. Personen hadde ikkje behov for helsetilsyn, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

På Twitter skriv politiet at personen som vart utsett for vald var uønskt på staden.

Meir informasjon kunne ikkje operasjonsleiaren gi til Firda, på grunn av at loggen frå Florø var svært vanskeleg å finne inn i mellom alle loggane frå Bergen. For politiet i Bergen hadde ein veldig travel natt, og fekk 50 meldingar om festbråk, i tillegg til slåstkampar og tjuveri.

Artikkeltags