Gå til sidens hovedinnhold

Fleire opplevde brunt drikkevatn i Presteholten tysdag

Belegg losna då ei ny leidning vart kopla på i Kyrkjevegen.

– Det var ei mellombels stenging av vatnet på grunn av påkopling av ei ny vassleidning i krysset mellom Kyrkjevegen og Angedalsvegen.

Det fortel Arve Hornes, ingeniør på teknisk avdeling i Sunnfjord Kommune.

Ei trykkendring gjorde at belegg losna frå leidningane. Det vert ikkje sendt ut kokevarsel til bebuarane i området.

– Det er berre farge og humus, seier han.

Tre bebuarar tok kontakt med kommunen då dei opplevde brunt vatn i krana.

Men fordi dei ikkje mista vatnet, fekk dei ikkje beskjed om dette gjennom varslingstenesta til kommunen.

På grunn av høgda til øvre Presteholten kan dei likevel merke trykkendringar, fortel ingeniøren.

– Det hjelper med litt ekstra spyling, seier han.

Det er ingen planar om at det skal skje på nytt i næraste framtid.

Kommentarer til denne saken