Gå til sidens hovedinnhold

Fleire meiner dei er i dårlegare form etter koronatida

Dobbelt så mange seier dei har fått dårlegare fysisk form enn dei som meiner forma har vorte betre under korona.

I juni seier ein av tre spurde, 32 prosent, at dei har fått dårlegare fysisk form etter korona. 16 prosent seier at dei har fått betre fysisk form, medan omtrent annankvar nordmann, 52 prosent, seier at forma er uendra.

Opinion har spurt til saman 55.000 nordmenn om korleis den fysiske forma deira har vorte etter koronautbrotet.

– Halve befolkninga har endra fysisk form etter korona, og dobbelt så mange til det dårlegare enn til det betre, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Ho seier at folk flest har hatt dårlegare form i år, enn i fjor under pandemien.

– Sjølv om Noreg opnar opp og treningstilboda blir fleire, så har vi nok vent oss til nokre uvanar under pandemien som heller har vorte tydelegare i år enn i fjor, seier Clausen.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken