Gå til sidens hovedinnhold

Fleire matbutikkar tek fram brødskjeremaskinene igjen

Artikkelen er over 1 år gammel

Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 har opna for at butikkane deira igjen kan ta i bruk brødskjeremaskiner, som har vore i koronakarantene.

Kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen stadfestar overfor Drammens Tidende at matbutikkane deira – Meny, Spar, Joker og Kiwi – no kan tilby skore brød i butikkane igjen.

– Det er ingen auka risiko for smitte gjennom desse maskinene, og det er heilt frivillig å bruke dei. Det har vore stor etterspurnad. Vi har no opna for at alle butikkane kan ta dei i bruk igjen, men det kan variere litt lokalt når det skjer, seier ho.

Presseansvarleg Torkel Nohr Fjørtoft i Rema stadfestar òg overfor avisa at alle butikkane deira kan setje fram maskinene igjen.

Til NTB opplyser kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop at også dei har sett fram maskinene i butikkane, der avstandskravet til kjeda på éin meter er vareteke.

– For oss er det viktig at kundane kan halde avstand medan dei bruker desse maskinene. Vidare skal maskinene reingjerast minst tre gonger dagleg, seier han.

Fjerninga av brødskjeremaskinene i matbutikkane har ikkje vore ei føring frå styresmaktene, men eit tiltak som matvarebransjen sjølv har innført.

Les også

No kan ein ikkje lenger skjere brød i butikken. Gerd: – Det er for å unngå kø.

Kommentarer til denne saken