Gå til sidens hovedinnhold

404 - File Not Found

[]

Fleire land lovar milliardar til norskmobilisert vaksinedugnad

Artikkelen er over 1 år gammel

Tyskland har lagt 1,6 milliard kroner på bordet, og Sverige, Finland og Danmark har slutta seg til Noregs appell om bidrag til utvikling av ein koronavaksine.

Noreg kunngjorde allereie i januar ei løyving på 36 millionar kroner særleg retta mot Den globale koalisjonen for førebygging av epidemiar og pandemiars (Cepi) arbeid med ein covid-19-vaksine.

Etter eit møte med Cepi-direktør Richard Hatchett i januar tok statsminister Erna Solberg (H) og utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) initiativ til ein global givardugnad.

Manglar 250 millionar dollar

Dei siste dagane har Tyskland lagt 1,6 milliard kroner på bordet, medan Finland støttar vaksineutviklinga med 29 millionar kroner, Danmark har lova 15 millionar kroner, og også Sverige har komme med lovnader, opplyser Utanriksdepartementet i ei pressemelding.

– Likevel manglar framleis 250 millionar dollar i støtte før målet om ein milliard dollar til Cepi blir nådd. Det er viktig at fleire blir med på lasset for global helsesikkerheit, seier Ulstein.

Bekymra

Utviklingsministeren er spesielt bekymra over utviklinga i Afrika. På grunn av manglande testkapasitet, velfungerande helseinstitusjonar og utstyr for å verne arbeidarar i frontlinja fryktar han at viruset vil føre til katastrofale lidingar.

Han meiner at ebolautbrotet i Vest-Afrika viste at verda må vere mykje betre førebudd på sjukdomsutbrot.

– Det er no svært viktig at verken land eller kommersielle aktørar utnyttar denne krevjande situasjonen vi er i til å sko seg på kostnad av dei millionane som risikerer å bli sjuke. Vi må sørgje for ei rettferdig fordeling av vaksine når éin eller fleire vaksinar blir tilgjengeleg om forhåpentlegvis 12 til 18 månader, seier han.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken