– Vi ser ein auke i søking til yrkesfag. I fjor var tala for tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland til saman 9589 søkarar til yrkesfaglege tilbod. I år var det 224 fleire søkarar. Det er 12 274 som har søkt studieførebuande utdanningsprogram. Det er 165 færre enn året før, seier seksjonsleiar Øivind Høines i Vestland fylkeskommune.
Dei 22 087 som har søkt vidaregåande skule i Vestland fekk i dag svar på søknaden.
Årets inntak viser at dei fleste elevane får førstevalet sitt ved inntak til vidaregåande skule i Vestland.
19 957 har i dag gått melding om at dei har fått plass. 16 818 har komme inn på førstevalet sitt.
Ledige plassar
Etter førsteinntaket er det 1090 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Grunnen til det er at desse søkarane ikkje har hatt det som no er dei ledige tilboda som eit av sine val når dei søkte.
Det er no 1023 ledige plassar i Vestland.
Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i dei seinare inntaka, eller etter at skulane tek over inntaket. Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket.
Tidsplan
Dei som no har fått tilbod om skuleplass må svare i løpet av to veker. Tidsplanen for inntaket i Vestland fylke er slik:
- 8. juli, tilbod blir gitt på Vigo.no om første inntak
- 22. juli, svarfrist, første inntak
- 29. juli, melding om andre inntak
- 5. august, svarfrist, andre inntak
- 10. august, tredje inntak
- 17. august, svarfrist, tredje inntak