Omslaget til mildvêr gjer at det er sendt ut gult farevarsel for is for Vestland.

– Bakken er kald frå før av, og så kjem det regn, då blir det rett og slett glatte vegar og kan skape vanskelege køyreforhold, seier Magnus Haukeland, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Sørpeskred

Farevarselet gjeld heile søndag, men Haukeland fortel at det vil starte og slutte litt forskjellig alt etter kor på Vestlandet du er.

– Det vil nok starte og slutte tidlegare i Førde, medan innover i landet vil det kome i kveld. Der vil det gjerne kome ned snø eller sludd, seier han.

Ettersom det er meldt ein del nedbør, i tillegg til mildvêret, er det også sendt ut farevarsel for sørpeskred. Området Indre Fjordane har gult farevarsel, medan Indre Sogn har oransje farevarsel.

– Snøgrensa er på 800 meter, så det kan gå enkelte skred, seier Haukeland.

Ruskete veke

Søndag og måndag kjem elles til å bli ei våt affære:

– Det kjem ei sone med ganske mykje nedbør. I ytre strøk kan det kome opp mot 60 millimeter på 24 timar lokalt. Det vil vere mest nedbør sør for Førde, men dei vil også merke det, seier han.

Ut over ettermiddagen måndag vil det nok lette. Snøgrensa kryp nedover på tysdag.

– Då kan nedbøren fort kome som sludd.

Meteorologen beskriv vêret i årets siste veke som lågtrykksdominert.

– Det blir nokre ruskete dagar framover. Det er veldig skiftande, seier han.