Fleire forsikringsselskap vil dekke avbestillingskostnadane

Men om du likevel vel å reise utanlands og får korona-trøbbel, får du ikkje noko att på forsikringa.

DEL

Gjensidige har bestemt seg for at dei vil dekke avbestillingskostnadane til folk som har bestilt seg utanlandstur- uansett kor i verda ein hadde tenkt å reise.

Planlagt avreise må vere i perioden frå 12. og til og med 26. mars.

Dette melder forsikringsselskapet i ei pressemelding fredag.

Også Tryg og Frende melder på sine heimesider at også dei vil dekke avbestillingskostnadene i denne perioden.

If har på si nettside ikkje noko informasjon om at dei vil gjere dette, medan til dømes Storebrand har ulike restriksjonar for når tid dei dekkjer avbestillingskostnader.

Stor auke i saker

– Vi ønsker å vere med på dugnaden og hjelpe kundane våre med kostnadene ved avbestillingar, uansett kor i verda du hadde tenkt deg, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige i pressemeldinga.

Dei siste to dagane har det vore ei dobling i tal reisesaker knytt til korona-viruset.

Gjensidige ventar ei endå større auke når dei no vel å erstatte avbestillingar til heile verda.

Forsikringsselskapet oppfordrar kundar som ikkje har akutt behov for hjelp om å vente, eller melde skaden på nett.

– Vi blir framleis ringt ned, og vi klarer ikkje å hjelpe alle kundane så raskt som vi ønsker. Det trass i at vi har auka bemanninga med 70 prosent, seier kommunikasjonssjef Rysstad.

Får ikkje erstatning om ein reiser og får korona-problem

Berre dei med akutt behov for hjelp skal ringe alarmsentralen.

Dersom folk likevel reiser og blir råka av korona, får dei ikkje erstatning. Dei som skal ut å reise langt fram i tid, bør vente med å kontakte forsikringsselskapet.

Gjensidige hadde fredag ettermiddag registrert over 1 700 saker, ein auke frå 1100 torsdag.

Artikkeltags