Like før klokka 04.00 laurdag morgon vart det brot i meklinga mellom NHO Luftfart og Norsk Flytekniker Organisasjon (NFO). Då var dei allereie nesten fire timar på overtid.

Meklaren konstaterte at partnarane stod så lang frå kvarandre at det ikkje var grunnlag for å legge fram eit forslag som kunne forventast å bli anbefalt for begge partar.

Trappar opp på måndag

I første omgang er 31 flyteknikarar tekne ut i streik, men på allereie på måndag 20. juni vil dette talet auke. Då vil 75 nye flyteknikarar gå i streik. Det er rundt 1/4 av NFOs medlemmar ute av drift.

I første omgang er det medlemmar i Aviator Airport Alliance i Bergen og Widerøe Ground Handling i Trondheim som er tekne ut.

Fleire avgangar kan bli kansellert

Både Norwegian, SAS og Widerøe blir råka av streiken, og fleire avgangar vil bli kansellert. Kva konsekvensane blir av streiken er ikkje avklart.

Ein flyteknikar har blant anna som oppgåve å godkjenne flyet som luftdyktig. Ein slik sertifisering kallast CRS (Certificate of Release to Service) og eit fly kan ikkje fly utan denne godkjenninga.

Er då råka av streiken? Då vil vi gjerne snakke med deg. Ta kontakt på [email protected], 57 83 33 33 eller Facebook.