Fleire fjellovergangar framleis stengde

KOLONNE: Slik ser det ut over Hemsedalsfjellet søndag morgon. Her er det kolonnekøyring.

KOLONNE: Slik ser det ut over Hemsedalsfjellet søndag morgon. Her er det kolonnekøyring. Foto:

DEL

Søndag morgon er det følgande status på fjellovergangane våre:

Fv. 50 Hol – Aurland er blitt opna for trafikk. Filefjell har same status.

Fv. 53 Tyin- Årdal er stengd, men er forventa å opne klokka 09.00.

På Rv. 52 Hemsedalsfjellet er det kolonne. Rv. 13 Vikafjellet er stengd og blir ikkje opna i dag.

Strynefjellet er også opent.

– På dei andre vegane i låglandet står det bra til, oppsummerer Idar Sagnholt i vegtrafikksentralen til Firda søndag morgon.

Ut frå vêr og vind, hadde dei hadde trudd det ville kome ein del meldingar natt til søndag.

– Ofte kan vi forvente ein del vind og vatn, ras og stengde vegar, men natta var overraskande roleg, seier Sangholt.

Artikkeltags