Gå til sidens hovedinnhold

Fleire fjellovergangar er stengt

Artikkelen er over 1 år gammel

Vegtrafikksentralen melder at Sognefjellet, Gaularfjellet og Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr.

Vegtrafikksentralen Vest melder om fleire stengde vegar på grunn av uvêr. Dette er stida 12.45:

  • Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengt på grunn av uvêr. Dei vil gjere ein ny vurdering om vegen kan opnast klokka 18.00.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland er det kolonnekøyring.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt.
  • Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt.
  • Vegtrafikksentralen melder også at fylkesveg 53 mellom Tyin-Årdal er stengd.
  • Det er kolonnekøyring for alle køyretøy på riksveg 7 over Hardangervidda, melder Vegtrafikksentralen Vest klokka 06.30 torsdag morgon. Første kolonne går klokka 07.

  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet er stengd.

Ferja på Fylkesveg 57 mellom Leirvåg og Sløvåg er no innstilt på grunn av uvêr.

Hald deg oppdatert på vegvesen.no.

Kommentarer til denne saken