Fleire ferjestrekningar kan bli kutta grunna koronaviruset

KAN BLI KUTTA: Om det blir mangel på mannskap er ikkje ferja frå Askvoll til Fure ein prioritet.

KAN BLI KUTTA: Om det blir mangel på mannskap er ikkje ferja frå Askvoll til Fure ein prioritet. Foto:

Seks ferjer i Vestland står i fare for å bli kutta som følge av korona-utbrotet. Blant dei er ferja i Askvoll og på Stårheim.

DEL

Fredag morgon melder NRK Vestland at fleire ferjestrekningar kan bli kutta dersom det manglar mannskap. No fryktar ordførarar at helsepersonell ikkje skal kome seg fram.

Det er seks ferjer som no står i fare for å bli kutta. Blant dei er Askvoll-Gjervik-Fure og Isane-Stårheim. Dei andre ligg i gamle Hordaland:

Langevåg-Buavåg

Skånevik-Matre-Utåker

Kvanndal-Utne

Kinsarvik-Utne

Askvoll-Gjervik-Fure

Isane-Stårheim

Artikkeltags