Gå til sidens hovedinnhold

Fleire bilar i trafikkulykke i Stryn

Fredag morgon melder politiet om ei trafikkulykke på Nordfjordvegen i Stryn.

Det er tre bilar involvert i kollisjonen, alle personane er ute av bilane og skadeomfanget er førebels ukjent, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Ulykka skal ha skjedd ved innkøyringa til bensinstasjonen på Langeset. Naudetatane er på veg til staden.

Trafikken går som normalt.