Han sa opp i protest, men fekk 2,2 millionar

Dagfinn Neteland,

Dagfinn Neteland, Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Avhoppande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, tente han godt med pengar på å å gå frivillig frå sjefsstolen i Fjord1.

DEL

Til Bergens Tidende, stadfestar både neteland sjølv, samt tidlegare Styreleiar Reidar Sandal, som også trekte seg i protest, at sluttavtalen til Neteland utgjer ei årslønn.

Både Neteland og dei aksjonærvalde i styret trekte seg då Sogn og Fjordane fylkeskommune selde Fjord1 til Torghatten.

Stod i tilsettelsesavtalen

På spørsmål frå BT om kvifor ein utbetalar sluttpakke til ein toppsjef som sluttar frivillig, svarar Reidar Sandal følgjande:

– Kor vanleg det er å gi sluttpakke til dei som gir seg frivillig, kan sikkert diskuterast. Men sluttavtalen i signerte med Neteland er heilt i samsvar med det som står i tilsettavtalen hans, som vart utforma før han byrja i fjor sommar, seier Sandal.

Sandal fortel også at det står i tilsettelsesavtalen at eit av forholda som skulle gi moglegheita for denne sluttlønna, var om ulike forhold skulle endre seg. Eit av desse var vesentlege endringar i selskapet eller eigarskapet.

– Dette skjedde, og difor signerte vi ein sluttavtale med Neteland på siste styremøte før vi trekte oss den 26. november i år, seier Sandal, som på spørsmål fortel at dette var generellle formuleringar, ikkje avtalar som var gjort for at konsernsjefen skulle sikre seg om endringar dei såg kunne komme.

2,2 millionar

Årslønna som Neteland no får, tilsvarar 2,2 millionar. Den får han etter at både han og dei andre i administrasjonen i Fjord1 fekk like stort prosentvis lønnsauke i år.

Heile kompensasjonen til den avhoppande konsernsjefen vil bli redegjort i årsrapporten for det inneverande året, ifølgje Sandal.

Også i Tide

Netelend er tidlegare konsernsjef i Tide. Også her forlot han selskapet etter å ha komme på kant med eigarane.

Den gong, i 2008, fekk Neteland ei samla godtgjersle på 13,1 millionar, ifølgje BT.

Denne summen bestod av seks millionar i såkalla «fratredelsesgodtgjørelse», pensjonsavtale på 3,9 millionar, samt etterlønn og litt andre ytingar.

Seks millioner var fallskjerm eller såkalt «fratredelsesgodtgjørelse», som Tide valgte å kalle det. Resten var pensjonsavtale på 3,9 millioner kroner, etterlønn og litt andre ytelser.

Artikkeltags