Fjord1-saka blir ikkje anka

Eit samrøystes fylkesutval tok onsdag avgjerda om at dei ikkje kjem til å anke forbodet av Fjord1-salet.

Eit samrøystes fylkesutval tok onsdag avgjerda om at dei ikkje kjem til å anke forbodet av Fjord1-salet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fylkesutvalet har bestemt seg for ikkje å anke Konkurransetilsynets forbod mot salet av Fjord1 til Torghatten.

DEL

Vedtaket vart gjort samrøystes. Heller ikkje Torghatten kjem til å anke Konkurransetilsynets avgjerd.

– No blir det arbeidd med andre løysingar, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til Firda.

«Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har i dag, etter ei heilskapsvurdering, vedteke å ta tilsynet sitt vedtak til vitande og ikkje påklage dette», skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding om vedtaket.

Vedtaket inneber at den transaksjonen fylkeskommunen gjorde vedtak om er avslutta.

Fylkeskommunen opplyser elles at det økonomiske mellomverande mellom fylkeskommunen og Torghatten vil bli regulert av avtaleverket mellom partane.

«Andre løysingar»   

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) avslår å seie noko om vurderingane bak avgjerda om å droppe anken. Ho seier det handlar om ei heilskapsvurdering.

– Salsvedtaket gjeld. No blir det arbeidd med å finne andre løysingar, seier Følling til Firda.

Fylkesordføraren vil heller ikkje svare på om det no blir teke kontakt med minoritetseigar Per Sævik.

– Eg går ikkje inn på diskusjonane i fylkesutvalet. Vi skal fortelje konklusjonane når vi er klare for det, seier ho.

– Men Sævik er vel ikkje til å unngå? Handlar det ikkje no om å sleppe den rettssaka han reiser, og som er rett rundt hjørnet?

– Vi vil gjere det som er best for selskapet, og samstundes følgje opp fylkestingets vedtak, seier fylkesordføraren.

KrFs Trude Brosvik seier følgjande:

– Ei dør lukkar seg, men vi har eit salsvedtak. No jobbar vi etter det, seier KrFs gruppeleiar.

Nøgde

Hos partia som var mot salet til Torghatten, var stemninga god etter onsdagens avgjerd:

– Vi er veldig nøgde med at vi no er i eit spor vi heile tida har forfekta, seier Venstres Gunnhild Berge Stang.

– Fjord1-saka har vore ei belastning for fylkeskommunens omdømme, seier Stang.

– Myten om at all reklame er god reklame har slått sprekkar, legg Aps gruppeleiar Åshild Kjelsnes til.

Partifellen Hilmar Høl seier han er veldig nøgd med at fylkesutvalet no legg seg på ein kurs der ein handlar meir i lag.

– Tida får vise om det blir nye eigarar, om eigarskapen vår held fram, eller om han blir mindre, seier Høl til Firda.

Konsulentane ikkje til stades

Dei tre konsulentane fylkeskommunen har nytta i Fjord1-saka, var ikkje til stades under onsdagens møte. Det var derimot Fjord1s styreleiar, Pål W. Lorentzen – som før møtet ikkje la skjul på kva han ønskte:

– Åtte månader med unntakstilstand er ikkje bra. Vi må få etablert ein normaltilstand mellom Fjord1-eigarane.

Artikkeltags